Sjå Anders Grønneberg ete Tix sitt panneband

Sjå Anders Grønneberg ete Tix sitt panneband

Dagbladet sin musikkritikar, Anders Grønneberg, var ikkje nådig om Tix sitt bidrag til Melodi Grand Prix før finalen. Han gav låten terningkast ein, og skreiv: «Jeg skal spise Tix-pannebåndet, på en seng av knuste glasskår fra brillene hans, dersom han vinner MGP-finalen».

I kveld kan fryde seg over at Grønneberg må ete i seg orda sine.

Tix seier at han reagerte mest på signaleffekten i det Grønneberg har skrive, særleg då han skulda ein artist for å «grine litt på Lindmo», for å få merksemd.

– Når han trekk motiva i tvil, gjer han det vanskelegare å vere open om psykiske problem, seier Tix.

READ MORE  Kriseåret 2020 førte til eksplosjon i overtidsbruk i Næringsdepartementet

– Slike haldningar er nettopp grunnen til at det er så vanskeleg for gutar å opne seg om psykisk helse. Det forstkerar eit stigma, seier Tix.

– Lurt å ha lege til stades

Då Andreas Andersen Haukeland, med artistnamnet Tix, laurdag vann den norske finalen, rykka måltidet brått nærare for Grønneberg.

På direkten i kveld står Tix og Anders Grønneberg ansikt til ansikt i Debatten. Der får Grønneberg servert Tix sitt panneband, tillaga av Dagbladet sin matekspert Christopher Sjuve.

Det er Sjuve som har pønska ut oppskrifta, som han håper skal bli fordøyeleg. Han har droppa glasskåra frå solbrillene til Tix.

Han forsikrar Grønneberg om at det ikkje er farleg å spise. Han har nemleg søkt råd på Giftsentralen.

READ MORE  Skredområdet i Gjerdrum er i risikoklasse 4

– Dei einaste som kan skje, er at det set seg fast i magen din, men det kan vi fikse med plumbo, spøker Sjuve.

Man sjølv utan glasskår i maten, åtvarar kokken om at det kan vere lurt å ha lege til stades.

Oppskrift på sprøsteikt panneband-pannekake

  • 1 stk. panneband, klipt i små bitar
  • 2 fedd kvitlauk
  • ½ raudlauk
  • 15 sjampinjongar
  • 2 dl kremfløyte
  • 4 pannekaker
  • Smør og olje til steiking
  • Ost / parmesan
  • Ev. whisky

Pannebandet til Tix skal kvile på ei pannekake. Det er Dagbladet sin matekspert Christopher Sjuve som har pønska ut oppskrifta.

Foto: Tarjei Mo Batalden / NRK

Tillaging:

Start med å dele pannebandet opp i bitte små bitar, slik at det ikkje sett seg fast i fordøyelsessystemet.

Steik pannebandet så sprøtt det lar seg gjere i rikeleg med olje.

Steik lauken blank i smør i ei djup steikepanne. Del soppen i fire, ha i knust kvitlauk. Steik i eitt minutt og hell i fløyten. La soppsausen koke inn til ein tjukk saus. Ha eventuelt i litt whisky.

Hell den tjukke sausen over pannekakene, dryss over litt meir av det sprøsteikte pannebandet. Rull pannekaka, ha over litt ekstra saus, meir panneband og riven ost. Pannebandpannekakene kan servast som dei er, eller settast under grill i steikeomnen på 220 grader i 5–10 minutt.

Knust glass under Tix-panneband-pannekake

Matretten blir servert på ei seng av glasskår, rett nok ikkje frå Tix sine solbriller, men ein god porsjon snuste drikkeglas og flasker.

Foto: Tarjei Mo Batalden / NRK

Grønneberg såg skeptisk på medan kokken førebudde seg. Han var letta då han høyrde at han slapp å ete glasskår. Og han lurte på om han skulle dele porsjonen med Tix. Det spørst om Tix går med på det.

Gjentok fornærminga

Striden mellom Grønneberg og Tix starta med Grønneberg sitt ordval då han meldte låten til Tix tidleg i MGP-prosessen, men blei forsterka etter finalen laurdag.

«At en million fluer liker dritt, betyr ikke at dritt er bra», uttalte Grønneberg om Tix og låten «Fallen Angel» etter finalen. Dette skapte sterke reaksjonar hos fleire.

I Medier24 kritiserte frilansjournalisten Lasse Olsrud Evensen kritikken i Dagbladet. Han skulda Grønneberg for å driva eit vondskapsfullt forsøk på karakterdrap. Evensen og Grønneberg møttest i Dagsnytt 18 tysdag.

Grønneberg viste til at han nokre gongar skriv med brei pensel og brukar utestemme. Men han avviste at han det var eit karakterdrap.

– Når ein snakkar om karakterdrap, så har jo Tix gjennom karrieren sin stort sett klart det utmerka sjølv, sa Grønneberg.

LES OG:

MGP-ekspert: – Tix er på mange måtar den nye Jahn Teigen


Source link

Be the first to comment

Leave a Reply

Your email address will not be published.


*