Sverige får kritikk for handteringa av korona

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

I ein lengre artikkel i det amerikanske magasinet Time tek Andrew Ewing eit oppgjer med den svenske handteringa av koronapandemien. Ewing er professor i biokjemi ved universitetet i Göteborg og medlem av det svenske vitskapsakademiet.

Han meiner Sverige var alt for seine til å ta grep, og viser til at smitten framleis aukar i Sverige og at landet ligg høgt på statistikken over dødsfall.

– Mange menneske har døydd unødvendig på grunn av feila vi har gjort. Vi må vedgå desse feila slik at vi kan kome oss vidare, seier Ewing til Aftonbladet.

READ MORE  Tiltalte er ein del av ei større gruppe som «konspirerer mot politiet»

Han åtvarar andre land mot å følge den svenske modellen.

Ville stenge Sverige tidlegare

Det er ikkje første gong Ewing kritiserer den svenske strategien. Han er ein del av ei forskargruppe som kallar seg «22 forskarar», som blant anna har skrive fleire kritiske debattinnlegg.

Ewing meiner mange liv kunne ha vore spart dersom Sverige hadde stengt ned tidlegare.

I Times-artikkelen viser han til at land som stengde ned tidleg og satsa tungt på testing og sporing av viruset, har langt færre dødsfall.

Statsepidemiolog Anders Tegnell får krass kritikk av professor Andrew Ewing ved universitetet i Göteborg.

Foto: Naina Helén Jåma / TT Nyhetsbyrån

Overfor Aftonbladet kjem han også med kraftig kritikk mot statsepidemiolog Anders Tegnell for måten han ter seg på.

– Tegnell har nærast blitt eit ikon, og det er veldig farleg for eit land å gjere ein som skal ta avgjerder, til det. Eg forstår ikkje korleis han klarer å gjere jobben sin når han bruker så mykje tid på å vere eit ikon og marknadsføre seg sjølv, seier han.

Advertisement

Det svenske Folkehelseinstituttet ønsker ikkje å kommentere kritikken til Ewing overfor Aftonbladet.

Obama-kritikk

Også tidlegare president i USA Barack Obama er kritisk til måten Sverige har handtert situasjonen på.

I podkasten «Pod Save America» snakkar han i utgangspunktet om Republikanaranes og Donald Trumps forhold til fakta og vitskap, og bruker koronapandemien som eit eksempel.

Då kjem han inn på den svenske strategien.

– I eit land som Sverige seier dei at vi skal prøve å nedkjempe dette med flokkimmunitet. Eg er ikkje einig i det, og meiner at det ikkje har vist seg å fungere.

Barack Obama

Då Barack Obama gjesta podkasten «Pod Save America» for å summere opp 2020 så langt, kom han blant anna med kritikk mot Sverige for måten dei hadde møtt koronapandemien på.

Foto: Alyssa Pointer / AP

Advertisement

Anders Tegnell har tidlegare sagt at den svenske strategien ikkje går ut på å skape flokkimmunitet, men å få ei smittespreiing som ikkje overbelastar helsevesenet, skriv Expressen.

Source link

Be the first to comment

Leave a Reply