Mann i 60-åra omkom etter å ha blitt påkøyrd – ein person pågripen

Mann i 60-åra omkom etter å ha blitt påkøyrd – ein person pågripen

Det var klokka 02.32 natt til laurdag at politiet fekk melding frå ein bilist som hadde funne ein skadd person langs fv. 57 i Lindås i Alver kommune.

– Naudetatane rykte ut, og ein mann tidleg i 60-åra vart erklært død på staden, fortel operasjonsleiar Terje Magnussen.

Det var ingen køyretøy på staden då politiet kom fram.

– Vi har no lokalisert eit køyretøy lenger nord på øya. Det blir gjort ein del undersøkingar, og vi jobbar på staden heile dagen, fortel han.

Like før klokka 09.30 opplyser politiet om at ein mann er pågripen.

– Mannen vil bli avhøyrd i løpet av dagen, seier Magnussen.

Source link

Be the first to comment

Leave a Reply

Your email address will not be published.


*